Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Etter to strake haustsigrar vart det tap mot V/H på Ålandsleite tirsdag kveld. Dette til trass for at HIL2 var oppe i 1-3 leiing etter 35min. V/H sto knallhardt på og jobba inn leiinga og avgjorde kampen til 4-3 i det 65min. Alt i alt ein fortent siger til V/H. Honndalen sitt andrelag slit fortida med å ha nok mannskap, dette førte til at tre aldrande fotballspelarar igjen entra manesjen. Oddvar Espe, Sveinung Gausemel og Gunnar Grodås gjorde ein god jobb for HIL2 i denne kampen til tross for magert treningsgrunnlag. Ballartist Oddvar Espe hevda og hardnakka at 1-0 målet til HIL vart skrudd rett inn frå hans egen silkefot. Men frå sikre kjelder på Ålandsleite får vi greie på at det var eit sjølvmål etter corner`n til Espe. Sorry Oddvar, du blei nok mållaus denne gongen og. Vi gratulerar V/H med sigeren og fortsatt jumboplass:-) PS! dei to andre måla til HIL2 vart satt inn av Endre Lødemel |
|
|