Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
I kveld er det duka for lokaloppgjer mellom Stryn2 og Hornindal på kunstgrasbana i Stryn. Kampen startar kl 19.00 og vi håpar flest mogleg honndøler tek turen til Stryn som supportarar. Dette blir ei tøff oppgåve for HIl, Stryn2 har vore særs sterke og knapt tapt poeng siden dei møtte oss i Honndalen i vår. For vår eigen del må vi forsøke å snu den begredelige innsatsen som vi har på bortebane. Vi må rett og slett sleppe ned skuldrane og prøve å få fram det spelet som vi viser på heimebane. Heime har vi stort sett feia dei fleste lag av bana mens borte har vi gått på smell etter smell. Vi håper at dagens kamp er eit vendepunkt for oss på bortebane, ingenting hadde vore meir kjekt en å ta med alle poenga heimatt i kveld frå Stryn. Laget som vi stiller i kveld bør ha kapasitet til å slå Stryn2 på ein god dag. Kampen går på kunstgras og vi håper ikkje det gir alt for stor fordel til Stryn som tross alt trener på dette dekket kvar veke. Vi ynskjer laget lukke til med kampen i kveld. |
|
|