Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Stryn2-Hornindal
Dato/tid: 22/8 kl. 19.00
Sted: Stryn Kunstgress Resultat: 5-0 (0-0)
Mål:
Stryn: NN 48,55,75,83,88
Kort:
Laget :
O Sætren
K Svarstad, E Haugen, JR Oppheim, Ø Heggen
PO Lien, SO Solum, H Maurset, OC Nygård
M Taraldset, E Lødemel
Innbyttere: E Nordnes, M Seljeset, K Grodås
AE Kristensen
Honndalen hadde bestemt seg for å klemme til frå start mot Stryn2. Etter eit visst press frå Stryn det fyrste kvarteret kom Honndalen sterkt. Men nok ein gong går ballen alle andre plassar en i mål. I tillegg ein god / heldig Bolset i Strynemålet avverga baklengsmål. Etter ca 30min kjem to episodar som kanskje kan seiast å øydelegge kampen for Honndalen. Endre legg press på ein Strynespelar på ca 16 meter, stjel ballen reint frå han og skorar sikkert! Ein ellers so god dommar Haugland gjer ein av sine få feil i denne kampen og annulerer målet fordi Endre var for tøff i duellen!! HEILT FEIL!!!! Deretter ca 3-4 min seinare bles ikkje Haugland straffe til Honndalen då ein Strynespelar klart handsa inna for 16 meteren. FEIL NR.2 FRÅ HAUGLAND! Med 0-2 her så trur eg at kampen kunne hatt ein annan karakter utover i 2 omgang. Etter 40 min forlet Morten bana med strekk noko som naturlegvis merkast på eit ungt Honndalslag. Vi går til pause med 0-0 og er optimistar foran andre omgang......
I garderoba gir Endre og beskjed om at han slit med strekk, og rett etter pause må han ut. Desse to bytta førte til at Stryn tok meir og meir over og gjekk fortent opp i både 1-0 og 2-0 etter 48 og 55 min. Spelet bølga deretter litt fram og tilbake og vi hadde både heading i tverren og skot i stolpen, men som før slett ikkje tur!!
Mot slutten av andre omgang spelte vel Stryn stort sett ball i hatt med oss og auka målprotokollen sin til 5-0 til slutt. Heilt klart fortent etter kva som skjedde i andre omgang. Vi er likevel ikkje 5 mål dårlegare en Stryn og der var mykje positivt å byggje på i løpet av kampen. No kjem laga som ligg rundt oss på tabellen i tur og orden framover, NO må det plukkast poeng. Trur vi byrjar med Hafslo på søndag! |
|
|