Spelarbørs Stryn2-HIL

Karakterar frå 1 - 10 (1 dårlegast - 10 best) Ola Sætren: KARAKTER 6 Gjer ein grei kamp, kanskje noko feilplassert på frisparket som gav 1-0 til Stryn.., fleire fine redningar ellers Kjetil Svarstad: KARAKTER 7 BB Honndalens beste, sikker i forsvar med gode avleveringar. God kamp også i den tida han spelte i sentral midtbane rolle. Nesten mål på flott heading i krysset og ut. Edvin Haugen: KARAKTER 5 Gjer mykje bra men fortsatt usikker i ein del situasjonar. Har spelt betre kampar Jan Rune Oppheim: KARAKTER 6 Ein ok kamp, blir som resten av forsvaret ein del i uballanse inn i mellom. Slit litt med duellar og avklaringar i eiga sone. Øystein Heggen: KARAKTER 6 Betre i dag, viser at han byrjar å takle backplassen. Bør være noko meir offensiv når han har sjansen. ( litt meir Carlos takter ) Håvard Maurset: KARAKTER 6 Gjer ein bra jobb då særleg i fyrste omgang. Blir som resten av unggutane noko "pusete" i enkelte situasjonar. Det er lov å reagere når ein får ein alboge i tryne!! Likevel ein spelar vi har mykje i vente frå framover Ole Chr Nygård: KARAKTER 4 Bleik i dag, har minst eit gear ekstra. Har musklar og bør byrje å bruke dei. Kjem sterkare igjen utover, garantert! Svein O. N. Solum: KARAKTER 5 Har sett beire kampar frå Slummen. Spelar vel på det jamne. Litt uvant rolle på midten kanskje? Slurvete avklaring som førte til frispark og påfølgjande baklengs. Burde scora mål! Per Otto Lien: KARAKTER 5 Jobbar og slit heile kampen. Sit likevel med ein følelse av at han har eit ekstra gear. Burde ha scora minst eit mål. Summa summarum ein grei kamp men kan vesentleg betre. Erlend Nordnes: KARAKTER 4 Jobbar og står på, blir litt pusslete. Bør starte å bruke litt kraft kobinert med sin fine teknikk. Har eit stort potensiale og bør snart få det ut på bana. Vi venter i spenning!!!!! Endre Lødemel: KARAKTER 6 Hemma av strekk som til slutt satte han på sidelinja rett etter pause. Viser på den tida han er inne enorm styrke i lufta. Før pause vinn han alt og blir fradømt 1-0 målet til Honndalen etter glimrande press på stryneforsvarar. Synd han måtte gå ut. Morten gjekk ut før pause med skade og får då ikkje karakter på børsen denne gongen. Martin, Kristoffer og Anders Elling hadde ikkje nok speletid til å bli vurdert på børsen.