HIL2-Breimsbygda

Breimsbygda-Hil2 Dato/tid: 26/8 kl. 19.00 Sted: Hornindal Idrettspark Resultat: 3-1 (0-0) Mål: E Nordnes 55min,H Maurset 65min, AE Kristenssen 80min Breimsbygda: NN 60min Kort: Laget : K Grodås, M Seljeset, G Grodås, S Gausemel, O Espe, E Nordnes, J Seljeset, S Tisthamar, AE Kristensen, KI Flåm, S Taraldset, R Brendefur, H Maurset, OC Nygård Flygande innbytte Breimsbygda tilreiv seg frå start eit overtak og hadde eit par farlege løp igjenom forsvaret til Honndalen. Men ein sikker Kristoffer rydda elegant opp. Etter kvart vart det meir og meir Honndalen utover omgangen og dei spelte seg til fleire gode 1/2 sjansar. Særleg lot vi oss imponere av forsvaret leia av Gunnar med evigunge Sveinung og purunge Martin. Framover la vi spesielt merke til Stian som verkeleg hadde dagen og gjorde ein kjempekamp. Oddvar måtte gå ut tidlig i fyrste omgang med strekk men rakk og vise at han fortsatt beherskar fotballkunsten! På ei våt grasbane gjekk laga til pause med 0-0. I andre omgang var det ikkje tvil om kven som var det beste laget, Honndalen fossa framover og burde vel strengt tatt hatt fleire mål en dei tre som satt i nota. Breimsbygda vart pressa heile omgangen og fekk kun det eine målet som då og var ei gåvepakke frå forsvaret til Honndalen. To pressise cornarar frå Stian fann våre spelarar og gav uttelling for Erlend og Håvard. Anders Elling brøyta ballen i mål etter klynge og vips 3-1!! Tek vi og med kjempesjanse til Erlend åleine med keeper(skal vere mål!!) og ei nydeleg heading frå Stian som small i tverren så var sigern vel, vel fortjent. Vi gratulerer HIL2 med haustens tredje siger av fire moglege! dette er bra saker!!