Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
HIL-Hafslo
Dato/tid: 30/8 kl. 14.00
Sted: Hornindal Idrettspark Resultat: 6-2 (2-0)
Mål: KA Vartdal 6 min, E Lødemel 42,50 min,
E Nordnes 53 min, S Taraldset 77 min,
K Svarstad 85 min
Hafslo: NN 60 min, NN 81 min
Kort:
Laget :
O Sætren
K Svarstad, E Haugen, H Maurset, Ø Heggen
PO Lien, SO Solum, KA Vartdal, OA Bergset
E Lødemel, OC Nygård
Innbyttere: M Taraldset, E Nordnes, S Taraldset
Kampen mot Hafslo heime på Idrettsparken starta akkurat slik vi hadde forventa. Honndalen tok tak frå fyrste sekund av kampen og pressa Hafslo tilbake på bana. Dette gav umiddelbart resultat og Kjell Arne prikka inn leiarmålet etter 6min. Etter dette hadde Honndalen fleire store sjansar som ikkje ville inn i nota. Etter 18 min vart Endre skubba ned inne i 16 meteren til Hafslo og dommaren blåste heilt rett straffe. Endre sette straffa sikkert og greit utanfor keepers høgre stolpe, alt i alt ikkje heilt etter planen. Alle rekna likevel med at Honndalen ville fortsette å feie over Hafslo utover omgangen. Dette skjedde absolutt ikkje, og dei neste 20 minutta bør gå i gløymeboka. Midtbana hang ikkje med, forsvaret hang ikkje med og det meste vart berre rot. Ein god keeper Ola samt eit totalt inneffektivt Hafslolag hindra både eit og to baklengsmål. Men for å roe ned nervane både på sidelinja og på bana så banka Endre inn 2-0 etter 42 min. Ikkje heilt rettferdig men men, jæk... viktig med 2-0 til pause. Andre omgang starta som den fyrste med klart Honndalspress som førte til 3-0 ved Endre etter 50 min og 3 min seinare til 4-0 ved Erlend. Så starta rotet igjen og Hafslo reduserte til 4-1 og burde vel strengt tatt scora eit par til i denne omgangen. Likevel fortsatte Honndalen puttinga ved Stian i det 77 min og ved Kjetil i det 85 min. Hafslo makta ei redusering til før omgangen var slutt og sluttresultatet vart 6-2. Vi tek også med 2 feite sjansar til Øystein på slutten av kampen og åleine med keeper så skal det vere mål! Oppsummeringa denne gongen må vere at vi vinn komfortabelt på ein heller dårleg dag. Det skal og seiast at Hafslolaget denne gongen ikkje var mykje å skryte av. Hadde vi møtt ein betre motstandar i denne kampen hadde vi nok blitt straffa mykje hardare en 2 baklengsmål. Men alt i alt greit og vi har heng på fjerde plassen dersom vi får max flyt resten av haustsesongen. Då må vi byrje med å slå Oppstryn komande laurdag som innhar fjerde plassen pr dags dato |
|
|