Børs HIL-Hafslo

Karakterar frå 1 - 10 (1 dårlegast - 10 best) Ola Sætren: KARAKTER 7 Ein særs god kamp av Ola. Nokre småfeil men ellers trygg og god både i feltet og på streken. Kjetil Svarstad: KARAKTER 6 Spelar seg stort opp utover kampen etter ein ruskete avslutning av første omgang. Skorer eit fint mål. Har vist seg å bli ein flott tilvekst i Honndalsmannskapet utover sesongen. Edvin Haugen: KARAKTER 5 Ein god del fine brudd og haudeduellar. Mister ballen litt for ofte i farlege posisjonar. Håvard Maurset: KARAKTER 6 Spelte seg stort opp utover kampen! Slåss til nasa sprakk :-), fine brot i andre omgang som førte til mål. Litt plasseringsvanskar inn i mellom. Øystein Heggen: KARAKTER 5 Plasseringsvanskar heile tida som back i denne kampen. Bleik i duellane, mykje beire som kantspelar og kjem då til sin rett. Kan bruke farta si meir! Bør skore minst ein goal! Kjell Arne Vartdal: KARAKTER 5 Ikkje nokon toppkamp av Kjellen!, gjer ein kamp på det jamne. Som resten av sentralen noko fraverande i periodar. Sterk deffensiv jobb! Skora det viktige 1-0 målet! Svein Olav Solum: KARAKTER 5 Jobbar og står på, men ikkje heilt den store dagen denne gongen. Gjer mykje bra deffensivt. For mykje balltap grunna for seine avleveringar. Per Otto Lien: KARAKTER 4 Ikkje venn med ballen i dag!, mykje slurvete avleveringar og dårlege legg. Tapar ballen alt for ofte til motstandaren. Flott jobb og veggspel til 2-0 skoringa. Per Otto kjem garantert sterkare tilbake!! Odd Arne Bergset: KARAKTER 5 Jobbar og slit heile kampen. Blir likevel mykje nesten. Synd at ikkje siste passninga set når forarbeidet er bra. Får likevel mykje ++ for stor arbeidsinnsats. Endre Lødemel: KARAKTER 7BB Gjer ein enorm innsats framme som spiss. Skaper farlegheitar på eigen hand. Skorar 2 fine mål. minus for dårleg straffe! Ole Christian Nygård: KARAKTER 5 Mykje bra frå Ole Christian. Blir vel litt pusslete inn i mellom. Flott forarbeid og innlegg til 4-0 målet og spikaren i Hafslokista. Alt i alt så forventar vi litt meir frå OCN. Innbyttarane hadde for lita speletid til å bli vurdert på børsen denne gongen.