Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Førtskomande laurdag kl. 15:00 er det duka for nok eit lokaloppgjer på Idrettsparken, og denne gong mot Oppstryn. I vårkampen på Lund Stadion trakk Oppstryn det lengste strået og vann kampen
5-2. Med sine gode spissar Gudal og Wemby blir det mykje å passa på for honndalsforsvaret på laurdag. Honndalen har vist seg å vere sterke på heimebane, og Oppstryn skal få sitt og stri med dersom spelet til heimelaget funka opp mot sitt beste. Spel som i heimekampen mot Hafslo held i allfall ikkje mot Oppstryn!! Eit anna interessant poeng er faktisk at vi kan snike oss forbi Oppstryn og stjele fjerdeplassen. Oppstryn har igjen både Loen heime, Førde borte og tilslutt Selje borte. Alt i alt skal dette vere eit mykje tøffare program en det som honndalen har. Det må då vere målet vårt å kapre fjerdeplassen bak suverene Loen, Stryn2 og Selje. Det er i allefall ingen grunn til å sjå bakover på tabellen!!
LYKKE TIL MED KAMPEN OG EI BØN OM TRE NYE POENG!! |
|
|