Referat Hil-Oppstryn

HIL-Oppstryn Dato/tid: 8/9 kl. 15.00 Sted: Hornindal Idrettspark Resultat: 5-3 (1-1) Mål: Endre 10min,Sjølmål 55min,Svein Olav 68min. Øystein 80 min.,Svein Olav 86min. Oppstryn: Wemby 25min, Guddal 49min, NN 60min. Kort: Oppstryn 1 Laget : (4-1-4-1) Ola Sætren, Øystein Heggen, Sindre Fannemel, Håvard Maurset, Erlend Nordnes, Svein Olav Solum, Morten Taraldset Kjetil Svarstad, Per Otto Lien, Edvin Haugen, Endre Lødemel Innbyttere: Geir Ove Fagerheim, Jan Rune Oppheim Jonny Seljeset, Stian Taraldset Kampen mot Oppstryn vart som venta tett og bar preg av å vere eit lokaloppgjer. Honndalen kom best i gang og produserte fleire sjansar mot eit usikkert Oppstryn forsvar som feila gong på gong. Endre starta mange gongar i bakrom og i det 10min fekk han ballen som var nødvendig, rykka i frå og satte inn 1-0 til Honndalen. Etter dette satte kampen seg og bølga fram og tilbake. Vi har tidlegare hatt problem med døball og i dag ingen unntak frå det, etter 25 min. innlegg og vips 1-1 ved Henke Wemby. Oppstryn spelte konsekvent langt mot Wemby og Guddal og det vart mange, mange, mange hodeduellar utover kampen. Nesten slik at vi fekk kink i nakken... Fyrste omgang ebba ut med 1-1 noko som var eit ok resultat for begge lag. Det var ikkje spelt mange minutt av andre omgang før ein uheldig Håvard ga bort ballen til Guddal på eit dårleg tilbakespel til keeper og vips 1-2 til Oppstryn. Etter 55min vert ballen spelt nydeleg inn frå venstre av Svein Olav til ein møtande Endre, ein oppstryning møter fyrst og knaller ballen i mål. Eit nydeleg sjølvmål!! og 2-2 på idrettsparken. Ca 10 minutt seinare kjem eit vakker innlegg frå venste nok ein gong, Svein Olav møter nydeleg og skallar inn 3-2 leiing for Honndalen. Men nok ein gong kjem Oppstryn tilbake i kampen etter å få forsere heile høgresida vår og upressa slå inn til eigen spelar på bakerste stolpe 3-3. Dette var svakt av heimelaget og skal ikkje hende. Men trass i denne på trynet fortsatte heimelaget å presse Oppstryn og NOK ein gong eit glimmmmmmrande innlegg frå venstre kant kunne Øystein knuse ballen bak ein sjanselaus Oppstryn keeper og til 4-3. Derifrå og ut var det ingen tvil. Samme mann som scora 4-3 målet runda Oppstryn forsvaret og vart klippa ned, KLAR STRAFFE. Straffa hamra Svein Olav til venstre for keeper og 5-3 til heimelaget. Alt i alt vann Honndalen ein fortent siger og er med dette med i kampen om fjerde plassen i divisjonen. Kampen var eit langt steg i rett retning frå siste begredlege kamp mot Hafslo.