Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Førstkomande søndag er det klart for årets siste heimekamp i 5 divisjon. Motstandar denne gongen er Tempo FK som er i desperat poengnaud for å unngå nedrykk. Laget frå Florø ligg tredje sist a poeng med Vadheim og Sogndal3 men med betre målskilnad. Med siger til Honndalen tyder nok mykje på at Tempo FK må spele i 6 divisjon neste år. For heimelaget sin del er det viktig å følge opp den gode heimestatistikken og gje publikum valuta for pengane. Med den begredlege kampen mot Førde2 sist helg er det ekstra viktig å vise kva laget duger til. Honndalen kan ikkje rykke ned og ligg trygt forankra på midten av tabellen og kan dårlegast bli nummer sju og i beste fall nummer fem. Det må heilt klart vere ei målsetjing å klare femteplasse foran lokalrival Oppstryn. Laget ser vel greit ut med unntak av Morten som fortsatt slit med strekken sin og med det er usikker for spel til helga. Jan Rune blir heilt klart ikkje speleklar etter kneskaden som han pådrog seg for knappe to veker sidan. Vi ynskjer laget lukke til med årets siste heimekamp!! |
|
|