Referat HIL-Tempo FK

HIL - Tempo FK 5-4 (3-1) Dato/tid: 21/9 kl. 15.00 Stad: Hornindal Idrettspark Mål/HIL: OC Nyård 20min, M Taraldset 30,40min E Nordnes 50min, SO Solum 70min. Mål/Tempo: NN 15,46,75,88min Gule kort: Endre Lødemel Laget : (4-4-2) K Grodås, K Svarstad, H Maurset,S Fannemel, E Nordnes O Nygård, E Haugen, Ø Heggen, SO Solum M Taraldset, E Lødemel Bytte: GO Fagerheim 45 min for OC Nygård OA Bergset 20min for Ø Heggen Kampen starta med press frå heimelaget og Endre var igjenom fleire gongar uten å få mål. I Tempo sitt andre angrep satte dei ballen bak ein sjanselaust Kristoffer i Honndalsmålet. Tempo hadde deretter eit par andre farlege angrep som fort kunne gitt 0-2 i sekken. Honndalen roa nervane og satte inn eit ekstra gear, kanonløp og innlegg frå Endre gav ein enkel jobb for Ole Christian og dunk!! 1-1. Etter dette tok Honndalen fullstendig over og ein god Morten satte inn to flotte mål. Først ei forsering langs venstrekanten før han skar inn og dunka ballen i nettet. I det 40minutt fekk Morten ballen på ca 16 meter og knalla den i mål på eit flott skot. Kampen burde ha vore punktert 2-3 min seinare når Morten igjen kjem igjenom åleine mot keeper. Dessverre blei keeperen til Tempo vinnaren denne gongen. Andre omgang starta med eit direkte Tempo angrep som førte til straffe, 3-2. Deretter bølga kampen fram og tilbake. 4-2 målet til Erlend kom etter ca 50 min der han la eit pressist innlegg som fauk rett i nota bak keeper. Deretter og inn er det ikkje så mykje å snakke om. Vi inviterte Tempo inn i kampen igjen med mykje dårleg forsvarsspel. Vår backrekke fekk rett og slett ikkje taket på nr. 7 hos Tempo som herja vilt. Etter 70min kunne Honndalen likevel juble igjen etter ei kanonheading av luftens baron Svein Olav og 5-3 til Honndalen. Til tross for forsatt press og redusering like før slutt berga Honndalen alle poenga også i denne heimekampen. Ikkje noko stor kamp men vi fortset sigersmarsjen på heimebane. Håpet er no at vi kan avslutte med siger også på bortebane mot Vadheim/Høyang. Det hadde vore morosamt og viktig med tanke på sjølvtilit foran neste sesong. Vi er trygt forankra på midten av tabellen og vi må vel seie oss fornøgde med fyrste sesongen tilbake i 5 divisjon. NESTE ÅR SKAL VI HØGARE PÅ TABELLEN!