Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
STIL/HIL - FØRDE 1
Stryn kunstgras
Tysdag 14/10-03 Kl. 18.00
Dommar: Rune Haugland
Resultat 1 - 1
Mål Stil/hil: Kristian Holko 35min.
Mål Førde 1: NN 50min.
Kort: Rødt kort Førde 45min NN,
Gult kort Stryn 60min Kristian Holko
Fyrste KM kamp mellom Stil/Hil og Førde 1 vart akkurat som venta, jamnspelt og spanande. Begge lag hadde store sjansar til å gå av med sigeren utan å lykkast. Det skal og seiast at Førde 1 spela 30min av andre omgang med 10 mann etter ei korrekt utvising frå dommar Rune Haugland. Stil/Hil tok leiinga 1-0 i det 35 speleminutt etter ein flott prestasjon av Kristian Holko.
Til tross for utvisinga tidleg i andre omgang klarte Førde 1 å etablere eit kraftig press på Stil/Hil som til slutt førte til ei velfortent utlikning. Alle tre honndalsspelarar spelte heile kampen. Kristoffer framsto som ein klar matchvinnar i mål, Marius som sikker venstreback samt Geir Ove som livsfarleg spiss. Sistnemnde burde ha avgjort kampen i heimelagets favør etter å ha satt keeper ut av spel, desverre blei kippen for laus og ballen vart redda på streken. Det var ellers ei fin ramme rundt kampen og mykje folk hadde tatt turen til Stryn stadion for å heie fram heimelaget. Laga er såpass jamngode at det heilt sikkert blir like spanande i returkampen i Førde fyrstkomande laurdag 18 Oktober kl. 13.30. Vi ynskjer guttane lykke til og kryssar fingrane for at poklaen til slutt endar i Stryn/Hornindal. |
|
|