Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Førde 1-Stil/hil kamp 2 KM 2003 gutter
Stad: Førde kunstgras 18/10 kl. 13.30
Resultat: 1-2 samanlagt 2-3
Mål: Ulrik Flo 50min, Christian Holko 65min
Mål Førde: NN 4min.
Då kan vi gratulere samarbeidslaget Stil/Hil med KM pokalen i gutteklassa 2003. Ein meget sterk prestasjon!!
Returkampen i Førde vart akkurat like jamn og spanande som fyrste kamp. I fyrste omgang var det Førde som pressa på og noterte seg for fleire store sjansar utanom målet dei fekk i det 4 speleminuttet. Men fleire klasseredningar frå Kristoffer Grodås holdt Stil/Hil inne i kampen. Førde gjekk til pause med 1-0 noko som var heilt klart fortent etter spel/sjansar. I andre omgang kom eit heilt anna Stil/Hil lag på bana. Spelet sat mykje beire og resulterte i fleire gode målsjansar. Etter ca 10 minutt av andre omgang får Ulrik Flo kjempetreff på volley fra 25 meter, ballen fyk inn bak ein fortvila Førdemålvakt. Spelet bølga deretter fram og tilbake med sjansar til begge lag. I det 65 min slår Christian Holko eit hardt innlegg mot mål, keeper feilreknar og ballen trillar over linja, 1-2 til Stil/Hil!!!
Resten av omgangen la Stil/Hil seg meir bakpå og drog ned ein av spissane for å tette bakover. Førde måtte ha 2 mål og Stil/Hil kunne vente på eventuelle kontringar. Kampen ebba til slutt ut med resultatet 1-2 til Stil/Hil og pokalen kunne bli med heim til Nordfjord. Gratulerer så mykje til alle spelarane med denne fantastiske prestasjonen. Også gratulasjoner til trenar, oppmann med fleire som har stått bak dette laget i sesongen 2003.
|
|
|