Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
I dag går fyrste kamp i vinterserien og Honndalen skal møte Loen på kunstgras i Stryn. Kampen går kl 18.30, dagens dommar er Rune Haugland. Honndalen møter eit kraftig forsterka Loen lag som har røska med seg dei fleste av dei eldste juniorspelarane til Stryn. Loen blir nok heilt klart ein av favorittane i årets vinterserie. Men vårt lette og teknisk eminente Honndalslag kan nok og heilt sikkert bite frå seg. Håper på ein knallkamp av Honndalen i kveld. Vi har og inngått eit samarbeid med Stryn og ein del yngre junior/guttespelarar entrar honndalstrøya i kveld.
Dei som skal vere med oss er som følger:
Bjørn Pedersen, Petter Hammer, Alexander Eikenes,
Anders Vonheim, Olav Eikenes, Ole R Rake,
Peder Flo og Ulrik Flo. Av honndalsblod har vi fyljande spelarar som skal/kan være med:
Per O Lien, Kristoffer Grodås, Martin Seljeset, Tor Ø Muldsvor, Ole C Nygård, Erlend Nordnes, Håvard Maurset, Sindre Fannemel, Marius Grodås,
Vi ynskjer laget lykke til med årets fyrste kamp i vinterserien!! |
|
|