Tippelaget er i gang

Fotballgruppa har no i desember starta tippelag (fotballtipping), som vil gå i fem veker frå veke 51. Ca. 100 tippeandelar a kr. 100,- har blitt selt denne gongen. Fotballgruppa satsar på å gjennomføre regelmessige tippelag, som vi vonar vil gje kjærkomne kroner i klubbkassa. Sjølsagt har vi håp om at også andelseigarane vil få igjen nokre kroner etter endt tipping. Vi vil legge ut informasjon om kva som er tippa, og korleis resultatet blei.