Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
No nærmar det seg fotallfest for senior. Laurdag 24 Januar tek vi på oss finestasen og møtast på hotellet. Hotelldirektør Jensen diskar opp med biffsnadder m/is og legg til rette for at vi skal ha ein flott kveld i spisesalen på Raftevolds Hotel. Det vert utdeling av prisar både for herrar og damer sesongen 2003. Deretter festar vi blikket mot sesongen 2004 som kan bli spanande for våre seniorlag. Det vil og bli høve til meir eller mindre seriøse talar frå dei som måtte ha behov for det. I og med at vi har spelarar under 18år med oss so prøver vi å runde av kvelden ca 23:30. Deretter er det fritt fram for dei som er over 18år til å utfolde seg utover dei små nattestimar enten på hotellet eller ein annan stad. Ein festbankett / middag på hotellet er ikkje gratis og vi håpar difor det er ok med eigenbetaling på Kr. 100/- pr. deltakar. Resten av summen tek HIL fotball seg av. Ynskjer dokke alle saman hjartelg velkomne til fotballfest!
HUGS BINDANDE PÅMELDING VIA SMS SEINAST LAURDAG 17 JANUAR!, |
|
|