Oppkøyringa til sesongen 2004 er i gang

HIL fotball sitt 5 divisjonslag har starta oppkøyringa til sesongen 2004. Etter femte plassen i divisjonen i fjor er det store forventningar til laget foran komande sesong. Laget trenar no tre gongar i veka, mandag, onsdag og fredag henholdsvis i gymsalen og i Lødemel. Faste utetrenigar blir først aktuelt ut i februar. Stallen til årets sesong er for det meste på plass og spelarane skriv under sine kontrakter på løpande bånd. Ei blanding av unge lovande spelarar kombinert med spelarar med mange åres fartstid i A samanheng skal gjere laget betre en i fjor. HIL har stort sett beholdt grunnstammen frå 2003 og det lovar godt for sesongen 2004. Dersom ein ungår langtidsskadar på sentrale spelarar bør dette laget vere kapable til å kjempe i toppen av årets 5 divisjon. Hornindal si seriepremiere er 24 April borte mot Vadheim/Høyang. La oss håpe at 2004 blir ein adskilleg betre bortesesong en kva som var tilfellet i 2003.