HIL-LOEN SAMARBEID????????

HIL fotball sitt juniorlag i fotball har valgt å trekke seg frå vinterserien 03/04. Grunna særs dårlege banetilhøve før jul enda HIL opp med fire utsette kampar. I utgangspunktet skulle vinterserien vere ferdig avvikla rundt 10 januar noko som i utgangspunktet passa oss godt med tanke på oppkøyringa til seriestart. Når det vart slik at vi enda med so mange utsatte kampar og fortsatt dårlege banetilhøve, og Nordfjordhallen og 7-8ar spel som einaste alternativ so valgte vi å trekkje laget i samråd med SFFK. Det er ikkje moro å trekkje eit lag men enkelte gongar er det gode grunnar for nettopp den løysninga. Vi har sett på vinterserien som ei fin treningsløysning for våre unge spelarar for å halde oppe motivasjonen gjennom vinteren og slett ikkje med tanke på kretsmestertittel og tabellplassering. Vi valgte å ta med oss ein del strynespelarar på vårt lag då Stryn valgte å avstå frå årets vinterserie for junior. Dette var spelarar som sjølv ville være med og ikkje ein del av ein skjult agenda for å "kuppe" årets vinterserie saman med Loen. Vi har eit utmerkt samarbeid med Stryn T&IL og deira velvilje medførte at vi kunne spele i 11ar gruppa i vinterserien for junior i Nordfjord. Dersom vi ikkje hadde hatt denne mogelegheita hadde vi heller ikkje stillt opp i denne serien. Det er difor direkte smaklaust av enkelte å hevde at vi har samarbeida med Loen slik at dei skulle nå sluttspelet. Hadde vi det gjort så hadde vi tapt mot Loen!!, gjorde vi det?, nei vi slo dei 2-1!! At Sandane ikkje gjer jobben sin mot Loen må dei ta opp med seg sjølve. At vi har ein skjult agenda med å bringe eit lag frå vårt distrikt til topps?, pisspreik frå ende til Anda! No er eg rimeleg sikker på at lagleiing / styret i Sandane T&IL ikkje har same lavpanna meiningar som dei som står bak skitkastinga både på vår side, Loen si og ikkje minst Sandane si eiga side. DET NEKTAR EG RETT OG SLETT Å TRU. Til sjuande og sist!!, regelverket er det ikkje HIL som har laga, eller er det kanskje HIL og LOEN?, hmm... ikkje godt å vite? Nei det er nok Noregs Fotballforbund og særkrinsane. Skal dette endrast så må dokke møte opp på krinsting eller fotballtinget. Kan skjønne at enkelte blir skuffa over at laget deira ikkje nådde sine mål men å reagere på ein slik måte som i dette tilfellet er å skyte langt over mål.