JÅFK-HIL 4-0

Søndag 29 februar spelte HIL sin andre treningskamp for året mot Jotun/Årdal 2. Dette laget spelar i 4 divisjon og vart heilt klart kvalifisert motstand for oss. Lagoppstilling (3-2-4-1) Kristoffer Erlend,Edvin,Per Otto Håvard,Sindre Ole Christian,Kjetil,Øystein,Odd Arne Endre Morten,Martin,Anders Elling og Marius starta på benken men kom alle inn i løpet av kampen. HIL var ikkje like mykje på hugget i denne kampen som mot VIK kvelden før. JÅFK pressa på og varta opp med godt spel. Til slutt sto det 4-0 i målprotokollen til JÅFK. Alt i alt ein rettferdig siger men eit flaterande resultat. Våre spelarar var ved fleire høve heilt igjenom på blank uten å score. Endre sine stolpeskudd vitnar og om at HIL absolutt burde hatt nettkjenning. 4-2 hadde nok vore eit rett bilde av kampen. Etter 2 kampar i Årdal viser laget klar framgang, divisjonskollega VIK fekk bank og kampen mot 4 div laget JÅFK var mykje meir jamnspelt en kva resultatet vart til slutt. Neste oppgåve blir mot Loen onsdag 10mars deretter oppgjer mot eit mørelag laurdag 13mars.