Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
HIL spelte sin tredje treningskamp for året onsdag 10/3 mot Loen på Stryn kunst IS bane. I ein kamp som vart prega av dårleg underlag grunna mykje is/snø drog HIL det lengste strået til slutt. 2-1 over fjerdedivisjonslaget Loen må seiast å vere bra og heller slett ikkje ufortjent etter spel og sjansar. HIL opna kampen best og produserte nokre feite sjansar som ein burde ha fått eit mål ut i frå. Det var likevel Loen som scora fyrst, eit nydeleg skot frå 17-18 meter sneik seg inn i bue ved Kristoffer`s venstre stolpe. HIL fortsatte å trykke på og etter 35 min fekk dei uttelling ved Endre Lødemel, 1-1. Resultatet sto seg til pause. Etter kvilen starta HIL igjen friskast og skapte fleire bra sjansar som kunne/burde ha gitt utelling. Etter 55 min kom kampens flottaste angrep, Øyvind Lødemel vart frispelt på si venstre side, forserte heilt til linja og slo ei nydeleg 45pasning igjenom til Endre Lødemel som enkelt vippa ballen opp i nettet og 2-1 til HIL. Etter dette kom Loen meir med i kampen og eit par feberredningar av Kristoffer samt ei redning på strek hindra Loen i å kome i balanse. Vi må heller ikkje gløyme Slummens skot frå 8-10 meter som burde ha susa i nettet men i staden skada ein intetandane forbipaserane måke..(seier vel det meste om kor langt han var fra å score dinnja kvelden) Kampen ebba til slutt ut med 2-1 til HIL som alt i alt er eit greit resultat basert på spel og sjansar. Laget vårt har mykje å gå på men viser klar framgang frå i fjor på same tid. Styrke og kondisjonstreninga byrjar verkeleg no å vise igjen. Kva so med Loen?, dei kjem nok sterkare igjen men det blir nok ein adskilleg tøffare sesong for dei grøne og kvite i år en kva som var tilfellet i fjor.
Lagoppstilling HIL:
Kristoffer
Martin,Edvin,Erlend,Håvard,Sindre
Kjetil,Jan Rune,Øystein,Ole Chr
Endre
Bytte:
Svein Olav, Morten, Øyvind, Marius
Stian, Kjell Inge, Anders Elling |
|
|