Stryn2-HIL 1-3

Kristoffer Martin,Edvin,Sindre Jan Rune,Ole Christian Anders Elling,Kjetil,Marius Erlend,Geir Ove Innbytte: Endre,Morten Mål HIL: Anders E 40min., Marius 60min.,88min. Kampen: Stryn var det førande laget i starten av første omgang og spelte seg fram til nokre halvsjansar. Den klart største var dobbel sjansen med skot i tverleggar og deretter redning på streken. HIL kom betre med utover omgangen og då særleg etter at Endre kom inn. Han tilførte HIL det lille ekstra med si gjennombrotskraft. Det var via Endre første mål kom, brudd på midten gjennomløp til linja og tilbake, panga i nota frå Anders Elling. Kampen ebba ut med 0-1 til pause for HIL. I andre omgang kom eit heilt anna HIL lag på bana, fikse kombinasjonar og gode løp resulterte i fleire store sjansar til HIL. HIL var best i det meste dei første 25-30 min i 2 omgang og kunne fort ha pynta på leiinga si. Ytterlegare skåring vart det då Kjetil ofra seg ved linja og makta å få slått eit perfekt innlegg som Marius fiksa i mål ved å "trylle vekk" Stryn sin keeper. I denne unge Grodåsen har vi "a coming star", med sin unike teknikk og ballfølelse kan vi vente mykje god underhaldning i åra framover. Etter skåringa fortsatte HIL presset og burde ha gått opp i 0-3 og punktert kampen. I staden slapp HIL Stryn2 innatt i kampen og eit perlemål frå 16-17 meter førte til 1-2 og ny spenning. Denne spenninga holdt seg til det 85 min då Marius igjen viste seg fram ved å legge ballen elegang inn i krysset frå 17-18 meter bak ein forfjamsa og utspelt strynekeeper. Nok ein stor prestasjon av den lille ballkunstnaren frå Nyland. Eplet fell ikkje langt frå stammen der i garden!! Kampen ebba ut med 1-3 til HIL og nok ein siger i oppkøyringa til sesongen 2004.Det skal seiast at 4div laget til Stryn2 nok mangla nokre spelarar men det gjorde vel strengt tatt HIL også....... Underteikna med fleire lar seg imponere over kor mange skritt fram dei unge spelarane våre har tatt, det kan bli morosamt på Hornindal Idrettspark i år.Kombinasjonen ungdommeleg pågangsmot og rutine i karar som Morten,Edvin, Jan Rune mf. vil gje honndalsfotballen eit løft vidare. Arbeidet med rekruttering og tidleg debutt på a-lag vil være bærebjelken i seniorarbeidet i åra framover. Vil og framheve den store betydninga det er at Morten og Endre igjen har iført seg honndalstrøye. Dei vil være viktige anker i laget framomver.Vi held likevel beina godt planta på jorda og er heilt klar over at det ikkje er no poenga skal utdelast. Håpar uansett at dette er ein inspirasjon til spelarane om å møte opp på trening framover og vere best mogleg rusta til sesongpremiera i slutten av April. Det er lov å leike seg med tanken om at vi går mot ein god honndalssesong.