Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
I vår siste oppkøyringskamp før sesongstart varta HIL opp med godt spel på ei nydeleg kunstgrasbane i Polljen tirsdag mot 3 divisjonslaget EID. Siger etter skåring av Svein Olav Solum var vel i overkant av det ein kunne vente seg når ein møter ein motstandar som skal spele i 3 divisjon i 2004 sesongen. EID vart aldri den trusselen som ein kunne forvente og kampen var jamnspelt frå første til siste pipeblås. EID kunne nok ha ført eit mål eller to i protokollen i løpet av kampen, men det var sanneleg ikkje langt frå at HIL også kunne ha putta på ein gong eller to til. HIL viser igjen at dei blir å rekne med i årets sesong. HIL har tatt mål av seg til å rykke opp til 4 divisjon innan 2005, kanskje er dette på plass ved sesongslutt 2004? |
|
|