Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
HIL-SVELGEN 1-1 (1-1)
Hornindal Idrettspark
1 Mai Kl 17:00
Målskårar HIL: Endre 25min.
Målskårar SVE: NN 35min.
Kristoffer,
Håvard, Edvin, Sindre
Jan Rune, Erlend
Morten, Kjetil, Ole Chr
Endre, Øystein
Brukte innbyttarar: Marius, Geir Ove, Martin
Tilskodarar: Ca 30
Laurdag 1 mai spela HIL årets fyrste seriekamp på heimebane mot Svelgen. Det skulle vise seg å bli ein jamn kamp mot eit lag spekka av rutinerte spelarar. Ein heller svak dommar frå Sandane makta vel strengt tatt å øydelegge mykje av kvelden for heimelaget. Annulering av Edvin sitt mål i fyrste omgang ville ha gitt HIL 2-0 og med det kanskje noko lavere skuldrar videre utover kampen. Det skal og seiast at også Svelgen fekk mykje rart imot seg frå dommaren og viste dette gjennom tydeleg frustrasjon utover kampen. Fleire til dels særs tvilsomme offside avgjørelser er nok skyld i at HIL ikkje makta meir en 1 poeng i denne kampen. Trur uansett at laget fra Svelgen vil vere med i toppen og knive om opprykk til fjerde divisjon. Men tilbake til våre eigne prestasjonar, mykje bra men og mykje som trengst rettast på til neste kamp. Vi var rett og slett inneffektive i denne kampen og burde ha dratt sigern i land. Særleg unge Heggen burde vel ha litt problemer med nattesøvnen etter å ha bomma på ballen for åpent mål frå ca 46cm... Desse ballane må i nota dersom vi skal kunne realisere draumen om opprykk til fjerde divisjon. Alt i alt så bør Svelgen vere mest fornøgde med uavgjort, heimelaget desto mindre fornøgde då dette burde ha vore tre poeng og ikkje et. Nye kort og sjansar igjen til helga i bortekamp mot Tempo/Florø2. Lykke til !! |
|
|