Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
VIK - HIL: 4-3 (0-3)
Vik stadion
15. Mai Kl 15:00
Målskårar HIL: Endre,Håvard,Stian
Gule kort: Morten, Øyvind
Kristoffer,
Håvard, Edvin, Sindre
Jan Rune, Geir Ove
Morten, Øyvind, Øystein
Endre, Per Otto
Benytta innbyttarar var Stian og Martin
Det eg no skal fotelle er ei soge frå virkelegheita og gjekk føre seg i vakre Vik i Sogn ein vårdag 15 mai i år 2004. Ein gjeng med optimistiske fotballspelarar la ut på den lange og vanskelege reisa til Vik i Sogn for å hente heim 3 poeng. Det store slaget i Vik starta på Vik stadion kl. 15.00 og gogutane frå Hornindal kom godt i gang , 0-1 ved kaptein Endre etter 13min, deretter 0-2 ved Håvard etter 35min og til slutt 0-3 ved Stian etter 40min. Sistnemde ei praktskåring frå 18 meter som feia målinga av stolpen til Vikmålvakta før den susa vidare inn i nettmaskene. Pauseresultat 0-3 fekk nok vatnet til å smake beire en det burde for 2 omgangen er noko av det galnaste eg har sett!! Haudelause Hånndøle sprang i allje retningar og Vik spelarane og men dog rett på vårt mål. 0-3 vart til 1-3 etter 48min, deretter 2-3 etter 60min, deretter 3-3 etter 75min og til slutt: SNIPP SNAPP 4-3 UTE!! HIL skapte ein kvalifisert sjanse gjennom heile andre omgang og slapp Vik til med fire nettkjenningar på 45min! Gogutane reiste slukøyra heimatt og visste knappast om dei skulle le eller gråte. Laget gjekk på ein kapital sprekk i denne omgangen og det må ein snarast råd ta lærdom av. Ein kan ikkje gi vekk ein trygg 3-0 ledelse på denne måten. Inn til vidare må vi berre akseptere at vi ikkje er nokon opprykkskandidat, til det er vi alt, alt for ustabile. Laget har no spelefri til 29mai då skal vi møte Bjørn i Skjolden som slett ikkje blir ei enkel oppgåve. No må vi bruke dei neste knappe fjorten dagane til å få maksimal skjerpings og tenning i laget slik at vi kjem på rett spor igjen. Forventar no at alle spelarar yter maksimalt og prioriterar gode treningar i perioden fram til kampen mot Bjørn. |
|
|