Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Kristoffer Grodås: Karakter 6
Gjer ein god figur, ingen synlege feil. Slepp inn fire mål som han ikkje kan gjere noko med.
Håvard Maurset: Karakter 4
Skorar eit fint mål med å vere framme og snappe retur. Ellers ein ruskete dag på jobben, mykje halvvegs avklaringar og dårlege framspel. Kan mykje beire!
Edvin Haugen: Karakter 5
Mykje bra og mykje rusk. Rett og slett ustabil. Skal vere mykje flinkare til å avklare og unngå å havne i vanskelege situasjonar. Blir innvolvert i eit straffespark som absolutt ikkje var straffe!
Sindre Fannemel: Karakter 4
Ein dårleg dag på jobben, mykje rusk med balltap og dårlege avklaringar. Kan mykje beire en dette.
Jan Rune Oppheim: Karakter 6BB
Gjer nok ein god kamp, må likevel ta sin del av ansvaret når ein får 4 i trynet på ein omgang. Likevel kanskje HILs beste mann på ein heilsvart dag.
Geir Ove Fagerheim: Karakter 5
Ein kamp under pari for Geir også, jobbar og slit men det blir mykje nesten. God sikringsjobb i fyrste omgang men blir dratt med i det elendige som resten av laget i andre omgang.
Øyvind Lødemel: Karakter 4
Det bor mykje i denne karen det veit vi. I denne kampen så vart det med nesten omtrent over heile linja. Mykje bra offensive kvalitetar men desto meir rusken bakover. Gir opp på returløp og dermed mister vi midtbana når vi ikkje skal. Kan mykje beire en dette. Blir frykteleg sliten mot slutten og blir korrekt bytta ut.
Øystein Heggen: Karakter 4
Knappast synleg i dag, virkar rett og slett ikkje på hugget. Veit kva som bor i Øystein og forventar då meir frå den kanten.
Morten Taraldset: Karakter 5
Jobbar og slit og piskar på sine medspelarar. Men dessverre i dag var det den dagen då ingen ting fungerte. Uvanlig mykje balltap og dårlege passningar frå Morten. Kjem heilt klart grusomt tilbake utover sesongen.
Endre Lødemel: Karakter 5
Prøver og prøver men får vel strengt tatt ikkje dei ballane han treng for å vere ein trussel. Blir pakka godt inn av Vikforsvaret og slit som resten av laget. Skårar eit flott lobbmål i fyrste omgang. Burde vel strengt tatt skåra eit til åleine med keeper i 2 omgang.
Per Otto Lien: Karakter 4
Mykje som manglar for Per Otto. Mykje plaga med sjukdom i forsesongen har satt sine spor. Kjempar og krigar men er ikkje venn med ballen. Veit kva som bor i Lidakaren og dette blir heilt sikkert betre utover våren. Stå på Per Otto!
Martin og Stian hadde for lita speletid til å bli vurdert på børsen. Vil likevel få framheve dei positive skritta som Stian tok i denne kampen. Med meir trening framover så blir dette bra. HAr tempo i kroppen og gjer seg til ein trussel. Skårer eit praktmål og var vel der og då Vikbygdas gladaste mann! |
|
|