Bjørn - HIL 6-1

Hornindal gjekk i dag på stortap mot Bjørn i Skjolden. Absolutt ingenting fungerer om dagen for HIL. Pauseresultetet var 4-1 og HIL sitt mål kom på straffe i fyrste omgang. HIL er slett ikkje nokon opprykkskandidat etter det dei har prestert i dei to siste kampane. Framover blir det å konsentrere seg om å få prestasjonane til å svinge den positive vegen. Pr dato spelar HIL som eit botnlag, og det kan bli ei lite kjekk opplevelse å møte topplaget Selje neste helg dersom ikkje kvar og ein av spelarane løftar seg fleire hakk. 10 baklengsmål på 135 min. seier det meste om det negative sporet laget er inne i. Reknar likevel med at laget klarer å reise seg igjen og at flyten kjem tilbake. Kampinformasjon frå Skjolden blir lagt ut over pinsehelga.