Børs HIL-Selje 5/6

Kristoffer Grodås: Karakter 6 Gjer ein god jobb, slepp inn tre mål som han lite kan gjere med. Håvard Maurset: Karakter 6 Som resten av forsvaret gjer unge Maurset ein god kamp dei fyrste 80 min. Dei 10 siste min. skriv vi på ukonsentrasjon. Sindre Fannemel: Karakter 7 Særs god kamp av Sindre, sikker og god i si rolle som midtstoppar. Tøff i duellanen, rask og flink til å orientere seg. Erlend Nordnes: Karakter 6 God med ballen, gjer en flott jobb i forsvaret. Slepen teknisk og godt blikk for spelet. Per Otto Lien: Karakter 7 Årsbeste av Per Otto, passar godt i backrolla med si store fart. God med ballen i dag, nokre fine raid offensivt. Nærmar seg toppforma. Jan Rune Oppheim: Karakter 7 Toppers innsats av Jan Rune. Kriger knallhardt, tøff i duellane. Skårar det viktige 2-1 målet før pause på ein flott corner av Svein Olav. Edvin Haugen: Karakter 6 Krigar knallhardt i si rolle som deffensivt anker på midtbana. Tapar dessverre mykje luftballar. Uvanlig frå den kanten. Men ellers god kamp. Svein Olav Solum: Karakter 7 Blir mykje løpande i mellom dei fyrste 15-20 min som resten av midtbana. Ellers god kamp, tøff i duellane, godt blikk for spelet. Morten Taraldset: Karakter 8BB Kjempekamp av Taraldset! Kriger knallhardt frå si sentrale midtbanerolle. Sler flotte passningar, stadig trussel framover. Flott mål frå straffemerket. Einaste minuset er nok eit gult kort og kamp frå tilskuerplass til helga! Øystein Heggen: Karakter 8 Noko ruskete fyrste del av kampen, kjem knallhardt tilbake. Setter 2 flotte mål, skaffer laget straffe på overtid. Dette var knallbra av unge Øystein Krølle Heggen! Geir Ove Fagerheim: Karakter 7 Blir betre og betre, jobber og slit. Stadig trussel med si store fart. Skaper fleire farlegheiter framover. Blir feilaktig avblåst for offside på et kjempeløp som var fri veg til mål. Gler oss til å sjå meir frå Geir Ove framover. Marius Grodås: Karakter 6 Mykje artig å sjå frå den pur unge slepne karen frå Nyland. flotte dragninger og passninger. Ikkje heilt heldig i dag med alle valg men har et enormt potensiale som fotballspelar. Nesten skåring på eit utsøkt frispark frå 18-19m. Resten av spelarane hadde ikkje nok speletid til å bli vurderte på børsen i denne kampen.