Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Hornindal Idrettspark
Laurdag 05.06 kl 15:00
Resultat: 5-3 ( 2-1 )
Mål HIL: Endre 25min, Jan Rune 37min, Øystein 73min,75min og Morten 95min
Gule kort HIL: Morten, Svein Olav og Kristoffer
Oppgjeret mellom HIL og topplaget Selje vart akkurat so tett som forventa. Selje opna best og pressa HIL det fyrste kvarteret av kampen. Heimelaget vart mykje springande i mellom og fekk ikkje heilt tak i kampen. Der og då såg det ut som at HIL skulle bli overkøyrt av eit aggresivt Seljelag. Etter 17min. fekk Selje slått inn til ein totalt umarkert Takle som kunne skalle ballen i mål til 0-1 for bortelaget. Etter dette kom HIL meir med i kampen og Øystein hadde et par sjansar som det lukta mål av. Etter ca 25 min etablerte HIL kraftig press mot Selje målet og Endre krangla ballen i nota til 1-1. STERK PRESTASJON AV ENDRE. Samme mann måtte dessverre gå ut med skade etter ca ein halv time. Resten av vårsesongen går nok fløyten for Endre. Etter 35 min serverte Svein Olav ein delikat corner som storetåna Jan Rune skalla i mål, PRAKTSKÅRING! knallhardt og kontant. Rett før pause oppsto det ein lite artig situasjon der ein seljespelar skada seg kraftig. Han satte knottane fast i graset og knakk ankelen tvers av, såg lite pent ut. Vi ynskjer han god bedring og håper at han kjem tilbake på bana snarast råd. Etter ei særs lang pause i påvente av ambulanse starta kampen som den slutta med tette og harde duellar. Spelet bølga fram og tilbake med sjansar i begge retningar. I det 73 min blir Øystein vakkert spelt fri og fosser fram til 13-14 meter før han dunker ballen via stolpen og inn i mål, 3-1 til heimelaget. Same mann er på farten igjen 3 min seinare og puttar på til 4-1 for HIL. 2 kjempeprestasjonar av Øystein! Så kjem ein periode der HIL igjen likna litt som i andre omgang av VIK kampen, Selje fekk herje både på midten og i vårt forsvar og reduserte likegodt først ein gong og deretter til 4-3 ca 3 min på overtid. Men før nervane rakk å ta både spelarane og oss på tribuna var Øystein igjen på farten, gjennom forsvaret og bums i bakken, STRAFFE. Denne satte Morten sikkert i nota og 5-3 til HIL. Deretter blåste dommaren av og HIL hadde påført Selje årets første poengtap. Alt i alt fortjent! Laget skal ha mange plusser +++++++ for å ha løfta seg frå dei to elendige kampane i Sogn. Håper no at dette er trenden vidare framover og at vi kan vere med i kampen om ein av dei to opprykksplassane utover i sesongen. |
|
|