Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Førde2-HIL 3-2 ( 0-1 )
Førde Stadion laurdag 12 Juni 16:00
Mål HIL: Geir Ove Fagerheim(40SEK!)
Svein Olav Solum (75 min.)
Kristoffer
Per Otto,Håvard,Sindre,Erlend
Geir Ove,Edvin,Jan Rune,Svein Olav,Marius
Øystein
Inn og ut bytte: Stian,Odd Arne,Anders Elling
Kampen var ikkje meir en 40sek i alder før ballen låg bak en sprellande Førde2 keeper. Ballen vart spela direkte opp frå avspark til mølje og trykk foran mål, Geir Ove pirka den til slutt over linja til 0-1 til HIL. Den neste 1/2 timen vart HIL satt under skikkeleg press frå heimelaget og ein god Kristoffer i kombinasjon med laber Førde effektivitet hindra balanse i rekneskapen. Etter 35 min klaurer Erlend det til for seg sjølv og enden på visa er felling og straffe til Førde. Denne set Førdespelaren godt over venstre vinkel og fortsatt 0-1. I dei neste minutta har HIL eit par svære sjansar og burde ha putta på til 0-2, SÆRLEG Svein Olav bør gremmast over sitt skot utanfor frå blank på ca 10 meter. Kampen ebba ut til 0-1 ved pause, eit noko heldig resultat sett med HIL auge. Dommaren hadde tydelegvis slått hovudet sitt kraftig i pause for det han presterte i 2 omgang er ikkje ein dommar verdig.
Kampen jamna seg ut i 2 omgang og det var stillingskrig heilt til at ein av Førdespissane fekk eit oppspel i det 70 min der Kristoffer møter utanfor 16meteren og feller vedkommande. Heilt soleklart frispark på 17m?, neida dommaren dreg det innanfor og gir Førde straffe! 1-1, deretter eit flott Førdeangrep som fører til 2-1 nokre minutt seinare. I det 75 min får vi frispark på 18-19 meter som Svein Olav vakkert legg i keepers høgre hjørne til 2-2. Så går dommaren i fullstendig kvilemodus. Geir Ove slit seg fri og fossar inn mellom to Førdespelarar og blir klippa ned på 5 meter, KLAR STRAFFE! Til og med Førdeledelsen er heilt samde i det! Neida dommaren vinkar spelet vidare og fortsatt 2-2. Så etter 83 min, ny forsering av Geir Ove og klar felling på ca 13-14 meter, STRAFFE IGJEN! Neida dommaren vinkar spelet vidare og ein paff HIL gjeng trur ikkje det som skjer, Førde stjel ballen og fossar ned til 16, sler inn og vips 3-2.
Det høyrer med til historien at dommaren beklaga at han hadde øydelagt kampen for oss, men han hevda han ikkje såg den siste då det var ein spelar i vegen. Korleis kan han då sei at han øydelegg kampen for oss når han uttalar at han ikkje har sett episoden?. Dette er det berre dommaren som veit svaret på dessverre. Sannheita er at det i teorien skulle ha stått 2-4 til HIL og då hadde denne kampen vore kaputt for Førde sitt vedkommande. I denne kampen er eg rett og slett lei meg på spelarane si vegne, dette har dei ikkje fortent. Vi skal reise oss og gløyme dette snarast, toget er ikkje gått og vi skal knuse tilbake knallhardt, 6 heime og 3 bortekampar og totalt 27 poeng igjen å spele for. |
|
|