Børs FØRDE2-HIL

Kristoffer Grodås: Karakter 6 Sikker og god kan ikkje lastast for baklengsmåla. Blir heilt meiningslaust behandla med straffe mot grunna felling utanfor 16metern. Håvard Maurset: Karakter 6 Kamp uten store synlige feil frå Håvard. Trygg i rolla som stoppar. Sindre Fannemel: Karakter 6 Som Håvard gjer en god jobb som stoppar. Blir tryggare og tryggare for kvar kamp. Erlend Nordnes: Karakter 5 Slepp unødvendig mange kantduellar forbi seg. Lager eit unødvendig straffe mot som Førde heldigvis brenn. Litt utrygg i denne kampen. Per Otto Lien: Karakter 4 Slett ikkje dagen for Per Otto, slit med avstand og kjem mykje i feil posisjonar. Blir fraløpt heile fyrste omgang. Noko betre med når han blir flytta opp i bana. Jan Rune Oppheim: Karakter 6 Dagens kaptein jobbar og kriger, vinn mange duellar men taper også mange i fyrste omgang. Kamp på det jamne av Jan Rune Edvin Haugen: Karakter 5 Følte seg tom i kroppen i denne kampen, viste også igjen på bana. Men kriger og jobber det som kroppen klarer. Topp innstilling, venter meir frå denne kanten utover sesongen. Svein Olav Solum: Karakter 6 Blir som resten av den offensive delen av laget mykje springande i mellom i fyrste omgang. Spelar seg stort opp i andre omgang og skårar eit vakkert mål. Knallhard i taklingane, vi treng slike musklar på midtbana. Bør vel strengt tatt skåre et mål til? Geir Ove Fagerheim: Karakter 7BB Svært god kamp av Geir Ove, jobber knallhardt. Skårer mål etter 40 sek, stadig trussel framover. Bør og skal ha 2 straffespark. Skam av dommaren som ikkje bles på nokon av dei to situasjonane i 2 omgang. Marius Grodås: Karakter 7 Megabra kamp av Marius. Knallgod med ballen og serverar fleire lekre framspel. God bakover på bana og, les godt og stjel ballen frå motstander gong etter gong. Øystein Heggen: Karakter 5 Kan betre en dette, jobbar og slit men blir sørgeleg ensom på topp i fyrste omgang. Gjer ein bra jobb på misten utover i andre omgang. Odd Arne Bergset: Karakter 6 Sesongens beste kamp av Odd Arne. Kompenserar flott sine manglar med voldsom innsats. Stadig trussel utover i kampen. Dette innsatsnivået treng vi meir av framover! Resten av spelarane hadde ikkje nok speletid til å bli vurderte på børsen i denne kampen.