Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
HIL-Oppstryn 3-0( 1-0 )
Hornindal Idrettspark
Mål HIL: Svein Olav 39min, Sindre 68min, Stian 80
Kjetil
Per Otto,Ole Chr,Sindre,Erlend
Geir Ove,Jan Rune,Svein Olav,Marius,Morten
Øystein
Inn og ut bytte: Stian,Odd Arne,Anders Elling, Martin
Kampen vart so tett og jamn som vi hadde forventa. Mykje midtbanekriging før HIL festa eit grep kring kampen mot slutten av fyrste omgang. Marius fekk straffe i det 35 min då han vart felt på 12-13m, denne satte Solum elegant utanfor! Samme mann var likevel på farta 5 min seinare etter flott gjennomspel av Morten, denne gongen lobba han vakkert inn 1-0 til HIL.
PAUSE
I andre omgang starta Oppstryn best og spelte seg fram til nokre halvsjansar. Det som kom mot HIL sitt mål plukke ein sikker og god Kjetil. Deretter gjekk det heilt fram til det 68 min før Sindre var frekt framme på ein stongretur frå Morten og putta ballen sikkert i mål bak Opstrynsmålvakta. Deretter gjekk det nye 10 min før ny straffe som Morten klinka i stolpen!, deretter ut til Stian som putta returen. Målet vart med andre ord i familien. Ein ikkje heilt toppers dag for HIL, litt rusk i maskineriet men meir en nok til å banke Oppstryn 3-0. No tek vi ferie 3 poeng bak opprykksplass. Vi har med andre ord mykje å sjå fram til etter ferien
|
|
|