Børs HIL-VadheimH

Kristoffer Grodås: Karakter 6 Roleg dag i mål for Krissen, sjanselaus på baklengsmålet. Sindre Fannemel 6 Stabil og god, gjer ting enkelt og greit. Ikkje dagen då arbeidsmengda vart for stor! Håvard Maurset: Karakter 7 God kamp av Håvard, blir tryggare og tryggare for kvar kamp. Jan Rune Oppheim: Karakter 6 Kapteinen er i stabilt slag, gjer ting enkelt og greit. Knallhard i duellane og flink til å springe opp motstandaren. Erlend Nordnes: Karakter 8BB Gjer ein kjempekamp, skårer 2 mål og er HILs beste mann. Edvin Haugen: Karakter 6 Styrer fint frå si defensive midtbanerolle og er trygg og god for laget sitt. Sterk i duellane og vinn mykje i lufta Morten Taraldset: Karakter 8 Morten held koken og gjer nok ein særs god kamp. Ein viktig spelar som riv opp motstanderens spel og er flink til å holde på ballen for deretter å snu spelet. Nokre ruskete framspel skriv vi på kontoen for lang sommarferie. Svein Olav Solum: Karakter 7 Svein Olav spelar nok ein god kamp og er ei viktig brikke på HILs lag. Skårer et mål men bør vel strengt tatt hatt eit til.. Marius Grodås: Karakter 6 Bra kamp av Marius, gjer mykje flott med ballen. Likevel har han meir å gå på. Odd Arne Bergset: Karakter 6 Blir bedre for kvar kamp, har trent godt siste tida og det viser igjen. Blir dessverre skada i duell med keeper men er nok snart tilbake. Geir Ove Fagerheim: Karakter 7 Verkeleg på hugget fyrste omgang og er ein stadig trussel framover, skårer etter 20 sek. Andre omgang ikkje like bra, men alt i alt ein kjempekamp av Geir Ove. Resten av spelarane hadde ikkje nok speletid til å bli vurderte på børsen i denne kampen.