HIL-Tempo/Florø2

Førstkomande laurdag spelar HIL heime mot Tempo/Florø2 på Idrettsparken, kampstart 15.00. Laget frå kysten slit i botnen av tabellen mens vi kjempar ein inbitt kamp om opprykk til fjerde divisjon. Skal vi klare eit eventuelt opprykk så har vi ikkje råd til å gje i frå oss mange poenga framover. Kampen mot Tempo/Florø2 blir slett ikkje nokon walk over, karane frå kysten vil heilt klart selge seg dyrt for å kome seg vekk frå botnstriden. Det er dermed duka for nok ein kamp med blod og svette på idrettsparken og forhåpentligvis tre livsviktige poeng. Mannskapsmessig er vi litt bob, bob. Øystein har byrja på skule i Trondheim og blir mest truleg ikkje med, Håvard hanglar litt etter overtrakk og Morten slit med ein vond rygg.I tillegg må Svein Olav Gravesen Solum stå over grunna tre"heil korrekte" gule kort. På den positive fronten så ser det ut til at han Endre vil prøve seg i denne kampen, spenninga er til å ta og føle på når det gjeld tilstanden til ankelen hans. Vel møtt til spanande kamp på Hornindal Idrettspark laurdag 14 august kl 15.00