Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
HIL-BJØRN 3-3 ( 1-3 )
Hornindal Idrettspark 28.08 kl 13.00
Mål HIL: Morten 35min,75min,Erlend 55min
Kristoffer
Håvard, Sindre,Ole Christian,Erlend
Edvin,Morten,Svein Olav,Endre,Marius
Geir Ove
Inn/ut: Anders E, Øyvind, Martin, Ola
Kampen starta på verst tenkelige måte for HIL, etter 5min lurte Bjørn seg rundt Ole Chr. og rett i nota, 0-1, same skjer igjen etter 12min, 0-2 og deretter 0-3 etter 17min!! Var det berre eit lag på bana?? Neida HIL hadde fleire store sjansar men som mange ganger før, effektiviteten er ikkj HILs beste venn. Etter 20 min. tok HIL over kampen og Morten stanga inn håp for oss etter corner til 1-3 etter 35 min. Deretter fleire kjemepsjansar til heimelaget uten resultat. Etter kvilen trykka HIL voldsomt på og det var SÆRDELES rettferdig at Erlend reduserte til 2-3 etter 55min på ei vakker heading. Deretter var det berre eit lag på bana og sjanse etter sjanse vart skapt utan at ballen ville i mål. Utlikning til 3-3 vart det etter ca 75 min frå straffemerket ved Morten. Kampen ebba til slutt ut med uavgjort noko Bjørn bør vere særdeles fornøgde med. Siste timen produserte HIL 15-20 sjansar som dei skåra kun 2 mål på, fleire av sjansane var gigantiske og alt anna en klar siger til HIL er å kalle ran.
Men dette er noko som HIL har slete med i år, ballen vil dessverre ikkje i mål ofte nok!. Når vi også er eit av laga i divisjonen som slepp inn flest mål ja då blir det ein del poengtap. Alt i alt bør vi vel seie at sesongen har vore litt under pari, men vi har hatt heng på toppen heile vegen så det er i alle fall positivt. Vi har mange unge lovande spelarar som står fram og viser at dette verkeleg er noko å bygge vidare på i åra framover. Vi satsar no på å betre plasseringa vår frå i fjor, det må vere målsetninga og målet for dei siste fire kampane.
Neste kamp er borte mot serieleiar Selje, kampen går på kunstgras derute laurdag 4 september 15.00 Lykke til med den kampen!! |
|
|