Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Kristoffer Grodås: Karakter 6
Gjer ein grei jobb i denne kampen. Kanskje bør han ta ein av baklengsmåla? Litt sein med å sette i gong spelet, men alt i alt ein god kamp.
Erlend Nordnes Karakter 6
Gjer mykje bra!, ein del ruskete avleveringer dreg ned. Skårer eit fint mål
Håvard Maurset: Karakter 6
Stort sett trygg og god i det han føretek seg. Kan vere meir på hugget ved 0-3 til Bjørn. Har spela seg stort opp utover sesongen.
Sindre Fannemel: Karakter 5
Mykje bra og mykje rusk. Rusk særleg ved avleveringer framover. Bakover gjer han stort sett ein god figur. Har meir å gå på Sindre!
Ole Christian Nygård: Karakter 5
Er ikkje trygg på venstrebackplassen sin i denne kampen. Slepp Bjørn fram alt for lett i fyrste omgang. Slit med å vere på mellomdistanse. Kjem mykje betre med i andre omgang.
Svein Olav Solum: Karakter 7BB
Gjer ein kjempekamp, vinn ein megde med duellar på midtbana og er ein trusel framover. Årsbeste i andre omgang frå veteranen vår. Fleire sesongar vi venter på.....
Edvin Haugen: Karakter 6
Ein brukbar kamp av Edvin, hard i duellane og vinn mykje på haude. Må bli tryggare på avleveringar og når han har ballen i beina en mot en.
Morten Taraldset: Karakter 7
Nok ein god kamp frå Morten, skårer 2 mål og er ein stadig trussel mot Bjørn sitt forsvar. Styrer troppene godt. Litt meir uttelling for Morten hadde vore heilt fortjent.
Endre Lødemel: Karakter 6
Sliter med ankelen noko som er lett å sjå. Er ein voldsom trussel når han først brukar rykket sitt. Skaffer straffe ut av ingen ting med sin voldsomme fysikk. Bra kamp i sesongavslutinga for Endre. Han skal no etter eget ynskje spele dei siste tre kampane for Stryn i kampen om evt. kretsmesterskap i 3 divisjon. Han er på utlån frå HIL og vi ynskjer han lykke til med spel i 3 div.
Marius Grodås: Karakter 6
Marius har veldig mye å gå på. Litt på tverke for Marius dei siste kampane. Har store, store sjansar til å putte ballen i mål, men inn vil den ikkje. Har et stort potensiale og det kjem snart til å slå ut i full blomst.
Geir Ove Fagerheim: Karakter 6
Brukbar kamp av Geir Ove, men også han slit med effektiviteten. Blir mykje nesten etter fint forarbeide. Har mykje å gå på men det kjem!
Resten av våre spelarar hadde ikkje nok speletid til å bli vurdert på børsen i denne kampen. |
|
|