Selje-Hil 2-1

Selje-Hil 2-1 (1-0) Selje Kunstgras laurdag 04.09 15.00 Mål HIL: Marius 60min. Laget: Kristoffer Per Otto,Sindre,Jan Rune,Erlend Håvard Odd Arne, Morten, Ole Chr, Marius Edvin Laget starta kampen i 4-5-1 med deffensivt anker i Håvard Maruset. Eit baktungt HIL vart pressa tilbake på bana av eit aggresivt Seljelag. Etter 40 min spel var heimelaget i føringa 1-0. Dette resultatet sto seg til pause. Etter kvilen la trenarane om til 4-3-3 og HIL kom mykje meir med i spelet og presterte ein av sine betre omgangar denne sesongen. Morten og Marius herja bana og det var fullt fortjent at Marius utlikna til 1-1 etter ca. 60min. I denne perioden burde HIL ha satt inn leiarmålet men som tidligare i sesongen så er vi ikkje dyktige nok foran mål. Ein lei skade på Erlend førte til rokkeringar som igjen gav Selje eit spelemessigt overtak. Dette presset på slutten av kampen førte desverre til 2-1 siger etter mål 3 min før slutt. Alt i alt ein særs god kamå av HIL mot avdelinga sitt beste lag. Selje går rett opp i fjerdedivisjon og saman med dei Førde2 eller Svelgen. Dei to sistnemnde kjempar ein innbitt kamp om siste opprykksplass. Førde2 skal i alle fall få kjempe ræva av seg for å få med seg poeng frå Honndalen til helga. Kampen skal gå på HORNINDAL STADION i eit forsøk på å gjennskape susen rundt seniorfotballen. Vi skal vinne dei siste to heimekampane før vi reiser til Oppstryn og gjer dei bank også... Vi har som mål å bli nr. 3 i avd, Svelgen må då gå på eit par miner men det er faktisk innen rekkevidde. Førde2 skal i alle fall få føle at dei kjem til vår leikegrind til helga.