Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Kristoffer Grodås: Karakter 7
Kjempekamp av Krissen, fleire flotte prestasjonar samt strafferedning. Viser no talentet som bor i han, kjem til å bli ein knallkeeper!!
Anders E Kristensen 5
Ein bra kamp av Anders, noko feilplassert inn i mellom og dårlege avleveringar. ++ for enorm ståpå vilje!
Håvard Maurset: Karakter 7
Veldig trygg i det han foretek seg om dagen, gjer ting rett og slett HEILT rett!
Jan R Oppheim: Karakter 6
Kapteinen står fram i dag og leiar soldatane til siger! Gjer ein god kamp.
Edvin Haugen: Karakter 6
Sterk i duellane og kjempar godt men blir avslørt på tempo inn i mellom.
Sindre Fannemel: Karakter 6
Står på og gjer ein bra kamp. Fortsatt ein del å rette på når det gjeld avleveringar. Sterk i duellane og viser at han er godt trent.
Morten Taraldset: Karakter 7
Nok ein god kamp frå Taraldseten! Står fram særs positivt og skårar eit flott mål. Viktig spelar for HIL.
Marius Grodås: Karakter 5
Mairus vil mykje men slit litt dag med å få til det vi veit bor i han. Teknisk brilliant men desverre kun glimtvis i dag. Kjem sterkt tilbake!!
Per O Lien: Karakter 7
Særs god kamp av Per Otto, jobbar og slit heile kampen og viser at han er tilbake frå ein litt laber periode. Flott mål!
Ole C Nygård: Karakter 8BB
KJEMPEKAMP av Ole Christian!! Endeleg fekk han vist kva som bor i han. Jobber knallhardt heile kampen og skårer eit kjempemål frå 15-16m, klinka til med høgra og rett i nota. Fortsett på denne måten Ole C då blir det mykje moro dei neste åra!!
Geir Ove Fagerheim: Karakter 6
Bra kamp av Geir Ove, jobbar og slit. Set forsvaret til Førde på prøve men det vil seg ikkje heilt. Bør skåre på kjempesjanse i fyrste omgang som er for blank not!
Resten av våre spelarar hadde ikkje nok speletid til å bli vurdert på børsen i denne kampen. Men eg vil likevel få fram at både Jonny, Martin spelte ein flott kamp. Martin er trygg og god når han kjem inn på backplass og viser at han er ein mann for framtida. VI MÅ BERRE TRENE LITT TIL MARTIN! Jonny er god å ha med sin enorme kondis, duracell kanin er vel rette ordet? Ikkje langt i frå at Jonny kom igjenom forsvaret til Førde i 2 omgang. Vil også framheve Rasmus Gausemel som debuterte med brask og bram i 5 divisjon. 16åringen viste at det ikkje er lenge før han er fast innventar i HIL sin tropp. Vann fleire duellar og var ikkje redd for å trakke til. VELDIG BRA DEBUT RASMUS! |
|
|