HIL-FØRDE2 3-1

HIL-FØRDE2 3-1 (2-1) Hornindal Stadion ( OLD RIVERSIDE STADIUM ) Laurdag 11.09 Kl. 15.00 Mål HIL: Per Otto, Ole Christian, Morten Gule kort: Morten, Jan Rune, Edvin. Kristoffer Anders, Håvard,Edvin,Jan R Ole Chr,Marius,Morten,Sindre,Per O Geir Ove Inn/ut: Jonny,Martin, Rasmus Det var "rette stemning" på Old Riverside Stadium i forkant av kampen. Ein følelse av at dette skulle gå vegen la seg som ein eim over bana. Heimelaget trakka til frå start og pressa Førde2 bakover frå fyrste spark på ballen. Sjanse etter sjanse vart rulla opp og Førde2 såg slett ikkje ut som ein opprykkskandidat. Etter ca 12min spel satt fyrste i nota bak ein forfjamsa Førdemålmann, deretter gjekk det ikkje meir en knappe 10 min til før Ole Chr klinka ballen over haude på keeper og 2-0 til heimelaget. Skulle det bli kalassiger over opprykkskandidaten?, Nei Førde2 reiv til seg kampen i slutten av fyrste omgang og produserte nokre feite sjansar der den eine vart satt under Krissen i ein mot ein. 2-1 til pause var likevel heilt fortjent. Kjære Eimhjellen frå Sandane hadde sitt å stri med utover kampen og må seiast å fullstendig miste taket på kampen utover i 2 omgang. Kampen jamna seg ut og det var sjansar til begge lag. Etter ca 55min dreg ein førdeangripar seg forbi forsvaret vårt og blir klippa ned av Krissen, klar straffe. Den velplasserte straffa fiksa likevel ein kattemjuk Kristoffer!, kjapt nede og redda, kanskje var det sigeren han redda også? For i denne perioden var Førde2 veldig mykje med i kampen og hadde fleire store sjansar. Men så har vi denne Taraldseten då!, han vende vekke eit par Førdespelarar og vips 3-1 til HIL. Etter 3-1 hadde same mann ein kjempesjanse til å punktere til 4-1 men etter å ha blitt holdt igjen som bakerste mann kom han i uballanse og skuddet gjekk desverre på utsida av stolpen. Kor var Eimhjellen i denne situasjonen? Det var jo eit klart raudekort? Nei Eimhjellen var nok i tankane heimatkomen til kjøtkakegryta henna mor. Strengt tatt burde det ha vore 2 raude kort til Førde, kvifor? Fyrste episoden er nemnt den andre er direkte slag i ansiktet til Edvin. Kva seier regelboka om dette då Eimhjellen? Ikkje gult kort som du ga i alle fall. Kampen ebba ut med 3-1 til HIL og ein alt i alt fortent siger. HIL har eit spanande mannskap på gang og berre eit par mindre bra kampar tidlegare i år har hindra dei i å vere med i opprykksstriden i serieinnspurten. Laget kan bli alt frå nr 3 til nr 6. Vi satsar på å vinne dei to siste, fyrst VIK heime komande helg deretter slaget i Oppstryn søndag 26 September. Den kampen kan fort vise seg å bli ein vere eller ikkje vere kamp for Oppstryn som no ligg heilt sist i avdelinga etter tap for Selje i helga.