Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
I artikkel på Strynenytt kan ein lese om at eit regelbrot av Tempo/Florø2 kan berge plassen til Oppstryn i årets 5 divisjon. Etter det eg er blitt informert om av krinsen så skal denne saken avgjerast i dag og gjerast offentleg i mårå. Konsenvesen av ein disk blir mykje meir omfattande en det som det blir gjort inntrykk av i saka på Strynenytt. Saken er slik at dersom Tempo/Florø2 blir diska skal resultat frå kampar mot dei nullstillast. Dette medfører at Førde2, Svelgen og HIL fortsatt vil kjempe om opprykksplassen som virka bombesikker for Førde2.
Tabellen vil då sjå slik ut før dei to siste rundane:
FØRDE2 22POENG 28-22
SVELGEN 20POENG 40-27
HIL 18POENG 34-30
Den store taparen vil vere Førde2 som ikkje berre mister 6 poeng men taper også på målforskjell.
Svelgen og HIL mister kun 3 poeng og VIPS er med i kampen igjen om opprykk.
HIL håpar uansett at krinsen skjønnar utfallet av ei slik straff. Tempo/Florø2 må kunne bli straffa på ein annan måte dersom dei har begått regelbrot. Ei straff skal då ikkje ramme nokon som ikke er innvolverte i saken.
Uansett så kan faktisk konsekvensen bli at Førde2,Svelgen og HIL fortsatt knivar om opprykk til 4 divisjon.
Skulle dette bli tilfellet og Svelgen eller HIL tek opprykksplassen på grunn av dette vil det bli eit opprykk med KRAFTIG BISMAK.
Resultatet av denne saka blir lagt ut på denne sida så snart vi har ei avklaring. |
|
|