Grodås og Taraldset trenar HIL 5 div sesonge 05.

HIL fotball har no trenarteamet for sesongen 2005 klart. Gunnar Grodås og Morten Taraldset blir trenarar for laget neste sesong, sistnemnde blir spelande trenar. Dei tek ei trening kvar og ei i felleskap frå oppkøyringa startar rundt 15 Januar. Arbeidet med å få på plass stallen for neste sesong tek til no og håpet er at alt skal vere på plass på denne sida av nyttår.