Sesongoppkøyring 5 div. 2005

HIL startar oppkøyringa til sesongen 2005 mandag 17 Januar. Frå den datoen blir dei faste treningane som følgjer: Mandag 19-20.30 i gymsalen, onsdag 19-20.30 i gymsalen og styrke i Lødemel fredag 18.30-20.00. Dette opplegget blir fast til 1 mars, frå den datoen blir Lødemel fjerna og erstatta med trening i Stryn fredager frå 18.00-20.00. Helga før vinterferien tek vi sikte på ein tur med treningskamp. Dette blir som i år ein overnattingstur med trening og kamp. Treningskampar blir det frå mars og ein tek sikte på totalt fem kampar før serien tek til i slutten av April. Spelarane vil få eit oppsett som viser treningstider og opplegg slik at det ikkje skal vere rom for misforståelser.