Serieåpning 23.04.

Då er tida komen for serieåpning i 5 divisjon. HIL sitt mannskap tek turen til Høyanger for seriepremiere mot Vadheim/Høyang2. Kampen går laurdag 23.04 kl 15:00 på kunstgras i Høyanger. Det er ikkje fritt for at det kribler litt i kroppen no kun dagar før våre raude og svarte forhåpentligvis tek dei fyrste vårpoenga i Høyanger. Morten og Gunnar stiller eit bort i mot skadefritt mannskap og kan starte vårsesongen med sitt beste lag.(dersom mine kilder er riktige :-) Laget skal lett kunne takle kunstgras då dette dekket er blitt vår trening og treningskamp alternativ i oppkøyringa også foran denne sesongen. Laget serieåpna også forrige sesong mot akkurat Vadheim/Høyang2, den kampen enda til slutt 4-3 til HIL. Returkampen i Hornindal vart ei trist affære for Vadheim/Høyang2 som vi sende heimat med 6-1 i baggasjen. Vi må tru at poengsankinga mot denne motstandaren blir på same nivå i år. Ellers ser serieåpninga ut som følgjer: Kaupanger2-Bjørn, Svelgen-Jølster, Vadheim/Høyang2-Hornindal og Vik-Oppstryn. Til slutt vil eg berre ønskje laget lykke til med serieåpninga til helga.