HERRER: OPPSTRYN-HIL 1-2

HIL bokførte sin 4 strake siger fredag borte mot Oppstryn. I ein svak kamp av begge lag drog HIL det lengste strået med siffer 1-2. Til tross for ein svak kamp var HIL det førande laget og burde ha skora fleire en dei to dei putta i Oppstrynsmålet. Marius skåra i første omgang og førte HIL i 0-1 leiing til pause. Resultatet kunne fort ha blitt 1-1 då Oppstryn klokkeklart satte ballen i stolpen frå straffemerket. Andre omgang opna svakt for HIL og Lars Guddal satte alt for enkelt inn 1-1 og ny spenning i kampen. Men etter 30min spel i andre omgang etter fleire hjørnespark fekk HIL endelig ny uttelling og denne gong ved nyervervelsen Terje Haugen Øye. Frå dette tidspunktet og ut førte HIL kampen klart og burde ha pynta på sluttresultatet. Men kampen holdt nerven og Oppstryn kunne med betre uttelling knabba eit poeng frå oss. I ein svak kamp vil eg ikkje dra fram enkeltspelarar men rose god laginnsats på en heller dårlig dag som likevel medførte 3 nye poeng til dei raude og svarte. GRATULERER NOK EIN GONG MED SIGEREN.