HERRER: HIL-JØLSTER 28MAI 15:00

Førstkomande laurdag spelar HIL årets andre heimekamp mot Jølster. Kampen går på Hornindal stadion laurdag 28Mai Kl 15:00. Jølster som rykte ned frå 4 divisjon i fjor har fått ein bra start med 10poeng på 5 kampar og innehar 2plassen på tabellen. Forhåpentligvis står dei fortsatt med 10 poeng når dei forlet Honndalen laurdagskveld. For HIL er Per Otto (eksamen) , Erlend (sjuk) og Svein Olav (på reise) tilbake og kampklare til helga. Gunnar og Morten kan då stille med eit skadefritt og toppa mannskap. Vi ønskjer laget lykke til med kampen mot Jølster!