Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Endeleg - der kom den etterlengta seieren! HIL - damene starta best og leda 2 - 0 etter scoringar av Anne Marte og Hilde. Så kom ein periode der konsentrasjonen glapp litt og TMFK/Flatraket utlikna til 2 - 2, som vart pauseresultatet.
Etter pause viste HIL - damene at denne gongen ville dei vinne. Natalie la på til 3 - 2, - og Hilde 4 - 2 etter innlegg frå Anne Marte. 5 - 2 kom etter at Anne Marte jakta eit flott frispark frå Maria inne foran mål. Siste mål og 6 - 4 kom på eit nydeleg langskudd frå Rosmari, heilt oppe i venstre hjørne.
Keeper Yasmin og Anne Marte spelte veldig godt, elles var dette ein lagseier på ei våt og glatt bane.
Hornindal stilte med dette laget; Yasmin Sunde, Helene Maurset, Randi Muldsvor, Beate Lødemel, Marianne Seljeset, Natalie Heggen, Maria Sollid, Rosmari Heggen, Johanne Espe, Hilde Nordnes, Anne Marte Espe, Kristine Maurset, Ingvild Taraldset. |
|
|