HERRER: HIL-BJØRN 19.06

Førstkomande søndag er det kamp mot Bjørn på Hornindal Stadion. Kampstart er kl. 18:00 rett etter at Grodås Cup er over. Håpar at ikkje gutane våre har svidd av alt kruttet som dommarar på Grodås Cup. Det er naturlegvis ikkje ei optimal opplading men det viste seg å vere håplaust å få flytta kampen. Takkar for at a-lags spelarane tek dette sporty og står på for turneringa som er så viktig for bygda vår og ikkje minst for fotballmiljøet. Håpar på nok ein trepoengar for dei raude og svarte. LYKKE TIL MED KAMPEN!!