HERRER: HIL-BJØRN 3-0

Hornindal utklassa Bjørn i heimekampen på Hornindal Stadion søndag 19.06. Bjørn hadde rett og slett ikkje kapasitet til å halde følgje med eit aggresivt heimelag. Måla vart skora av Terje Haugen Øye og Erlend Nordnes(2). 3-0 gir eit svært dårleg bilde av kampen, det doble og kanskje meir hadde vore eit rettare bilde. Frå første spark på ballen tok heimelaget komandoen og fossa fram. I første omgang var Bjørn knapt nok over midten og hadde sitt fulle hyre med å halde omgangen ut med minst mogleg baklengs. Bjørn vart litt betre etter kvilen men fortsatt ikkje i nærheten av å gi HIL kamp om sigern. Dette var nok ein flott prestasjon av HIL særleg då med tanke på at spelarane hadde to heile dagar med dømming på Grodås Cup som hadde tappa krefter. HIL står no med 22 av 24 moglege poeng og med imponerande 30-8 i målskilnad. Med knappe fire i snitt rette vegen og kun eit i mot ser dette svært bra ut for fortsettelsen. Endå er det langt fram og vi tek fortsatt kun ein kamp i gongen. No håpar vi på å avslutte våren med stil med tre avsluttande poeng mot Vadheim onsdag 23/6 19:00 på Hornindal Stadion. Gratulerer med sigern mot Bjørn og lykke til med siste heimekamp for våren mot Vadheim / Høyang 2.