HERRAR: HIL-VADHEIM/H2 4-0

Dei raude og svarte fortsatte i går kveld si imponerande rekke av sigrar denne vårsesongen. Vadheim / Høyang2 var utklasse 4-0 på eige gras og hadde aldri ein reell sjanse til poeng i kampen. Laget frå Sogn la seg bakpå frå start med 8-9 mann på 20meter frå eige mål. Dette gjorde det trangt for heimelaget og skapte ein under pari førsteomgang der tempoet vart dratt ned. Keeperen til Vadheim hadde to-tre kjemperedningar i første omgang og holde dei inne i kampen på sett og vis. Men kvarteret før sidebytte fekk Per Otto stjernetreff frå 18-19 meter og ballen susa i nota totalt utagbart for keeper. Vakker scoring og svært så fortjent 1-0 leiing til heimelaget. Andre omgang fekk desverre ikke forfatteren sett men etter referat var HIL totalt overlegne i alt og skåringar av Svein Olav, Endre og Anders Elling sikra nok ein utklassingssiger for HIL. Snakka ein del med gamlekara på sidelinja i går og dei har følgt fotballen i bygda i fleire titalls år. Dei kan ikkje hugse ein vårsesong der laget kun har gitt frå seg 2 poeng, dei kan heller ikkje hugse ein vårsesong utan tap.Vi må berre ta av oss hatten for den jobben spelarane og trenarane har gjort i år, rett og slett svært imponerande. No tek vi nokre dagar ferie og ladar batteria, trening i ferien kjem vi tilbake til. Forma må uansett haldast ved like slik at vi kjem på skinner igjen frå August. GOD FERIE, GRATULERER MED NOK EIN SIGER OG IKKJE MINST GRATULERER MED SOLEKLAR TABELLTOPP VED HALVEGS SERIE.