Damer: Stryn - Hornindal 1-2

Ivrine Kristensen vart matchvinner då Hornindal sine damer vann 2-1 over Stryn. 2 min. på overtid sprang sekstenåringen igjennom og sette ballen sikkert i nettmaskene. Kampen var akkurat så jamn og spennande som resultatet tilseier. Marie Ingeborg Espe gav Hornindal leiinga på ein fin lobb over keeper. Men etter at Karin Felde sette inn eit av sine velkjende frispark, var laga like langt. Avgjerda kom på eit tidspunkt då dei fleste- både spelera og publikum-innstilte-seg på poengdeling. Men Ivrine Kristensen ville noko anna då ho etter fint gjennomspel skaut uttakbart for stryn sin gode keeper. Dermed fikk Honndalsjentene revansj for 2 målstapet på Hornindals stadion tidligare i sesongen.