HERRER: Haustsesongen startar!

Då er sommaren over og sesongen skal starte igjen for Hornindal. Resten av laga i divisjonen har allereie starta denne helga og Vik tap, Kaupanger tap svekker i allefall ikkje våre sjansar til opprykk. Vi startar med andre ord serien 9poeng foran lag to og tre med ein kamp mindre spelt. Hornindal tek imot Svelgen på Hornindal Stadion førstkomande laurdag 13August kl 15:00. Vi håper at laget held dampen og fortset som dei slutta vårsesongen, MED SIGER. Kristoffer Grodås er på utlån til Stryn 1 mnd, Helge Håvik går andre vegen og skal vakte målet for HIL. Erlend Nordnes har reist i militæret og er uaktuell til denne kampen. Etter det vi veit so kjem han på visit ut i August og får med seg nokre kampar, i allefall Vik borte og Oppstryn heime. Endre Lødemel som er sterkt ønska av Jotun/Årdalstangen i 2 divisjon spelar minst 3-4 av haustkampane for HIL deretter får vi sjå kva som skjer med vår eminente midtbanespelar og kaptein. Ellers skal laget vere intakt og skadefritt og forhåpentligvis ikkje vesentleg svekka foran starten av haustsesongen. Lykke til med kampen mot Svelgen og jakta på opprykk og spel i 4 divisjon sesongen 2006. PS! VIKTIG MED TRENINGSOPPMØTE NO FRAMOVER MOT SERIESTART!!